Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no
Printer-ikon Utskriftsvennlig versjon

Deponert materiale

Alver kommune har avtale med Interkommunalt arkiv i Hordaland IKS (IKA Hordaland) om leige av depot for papirarkiv og drift av digitalt sikringsmagasin.

Alver kommune har deponert eldre administrativt arkivmateriale frå 1837 til 2019 til IKA Hordaland. Bestanden av administrativt arkivmateriale utgjer 869 hyllemeter. I tillegg er det deponert 980 hyllemeter personregistermateriale.

Arkiva 1837-1965 er ordna etter norsk allment arkivskjema, arkivavgrensa, kassasjonshandsama og listeført i tråd med arkivforskrifta. Arkiva for Lindås kommune 1965-1990 og Radøy kommune 1965-1991 er også ferdig ordna.

Arkiva for Meland kommune 1965-2019, Lindås kommune 1991-2019 og Radøy kommune 1992-2019 er under ordning hjå IKA Hordaland. Noko av arkiv gjenstår ute i kommunen, og vert planlagt deponert ila 2022.

IKA Hordaland og papirdepotet er lokalisert i Hansaparken i Kalfaret i Bergen og har besøksadresse: Kalfarveien 82. Papirdepotet oppfyller krav til spesialrom for arkiv i tråd med føresegnene i kapittel IV i forskrift om offentlege arkiv.

Av det deponerte materiale inngår også arkiva etter dei historiske kommunane Sæbø, Alversund, Hordabø og Manger.

Katalogen er tilgjengeleggjort på arkivportalen.no:

Arkivmateriale eldre enn 100 år blir kontinuerleg skanna og gjort tilgjengeleg. 

Materialet er publisert til digitalarkivet.no:

Laster...