Arkivplan.no
Utskriftsvennlig versjon

Organisering av arkivtenesta (Dokumentsenteret)

Dokumentforvaltninga (Dokumentsenteret) i Alver kommune er organisert under HR og utvikling, med eigen leiar, i tillegg til fagansvarleg og driftskoordinator.

  • Leiar har det øvste ansvaret i Dokumentsenteret med budsjett- og personalansvar.
  • Fagansvarleg har det faglege ansvaret i Dokumentsenteret, og i samarbeid med leiar, eit særskildt ansvar for at oppgåvene i heile dokumentforvaltninga vert utført i tråd med gjeldande lover og forskrifter. 
  • Driftskoordinator har i samarbeid med leiar og fagansvarleg, eit særskildt ansvar for dagleg drift og koordinering av samla oppgåveportefølgje. 

Dokumentforvaltarane er organisert i 2 soner; Intern sone og sikker sone.

Intern sone er postmottak for dokumentasjon, motteke elektronisk og i papir, knytt til sak-/arkivsystemet Acos Websak, med eigne systemansvarlege knytt til dokumentsenteret. Dokumentsenteret har også ansvar for post til felles epostmottak, skjemamottak, i Altinn, og i KS SvarUt forvaltning.

Sikker sone er postmottak for dokumentasjon knytt til følgjande fagsystem:

  • Acos Barnevern & Visma Familia frå 01.02.2021. Acos barnevern er frå 01.02.2021 nytta til funksjonar som ikkje er knytt til klient, fram til Sikker sak i Visma Familia er på plass våren 2021.
  • Visma Flyktning
  • Visma Flyt PPT
  • Visma Profil

I tillegg er Sikker sone ansvarleg for kontroll av elektronisk post i Altinn, KS SvarUt Forvaltning, samt for Nasjonalt portal for bekymringsmelding for barnevernet. Fagsystem har eigne systemansvarlege i aktuell avdeling, i tillegg til superbrukarar i kvar avdeling med eit særskilt ansvar for opplæring i fagprogrammet.  

Følgjande avdelingar er ikkje ein del av felles postmottak - Sikker sone:

  • Nav (Har eige postmottak knytt til fagsystemet Acos sosial, (Tieto frå 01.02.2021) - samt ansvar for eigen elektronisk post i Altinn og KS SvarUt Forvaltning.)
  • Helse (Lege og Helsestasjon knytt til fagsystemet Infodoc)
Laster...