Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no
Printer-ikon Utskriftsvennlig versjon

Aktive papirarkiv

Alver kommune har gjort skarpt skilje og skal frå oppstart 01.01.2020 arkivere i digitale/elektroniske arkiv, med tilhøyrande godkjente arkivkjerner.

Unntak: Alver kommune har pr. 01.01.2020 ikkje avtale med dei private barnehagane om bevaring av arkiv. Dette gjeld følgjande barnehagar:

Private barnehagar:

  • Alversund Montesorri barnehage
  • Barnas barnehage, Hundvin naturbarnehage
  • Barnas barnehage, Kløvheim barnehage
  • Blåklokka barnehage
  • Drømmehagen barnehage
  • Espira Marthahaugen barnehage
  • Grindheim familiebarnehage- og gardsbarnehage
  • Hilland familiebarnehage - "Smilehullet"
  • Knarvik barnehage
  • Leiketun barnehage
  • Leiknes FUS barnehage
  • Leirdalen barnehage
  • Lykkeliten barnehage
  • Læringsverkstedet Maurtua barnehage
  • Natås barnehage SA
  • Ostereidet FUS barnehage
  • Seim barnehage
  • Solhaugen barnehage
  • Trollskogen barnehage
  • Wilhaven familiebarnehage

Dokumentasjon knytt til sjølve barnehageopptaket for alle barnehagane, både private og kommunale, skjer elektronisk og dokumentasjon knytt til dette blir bevart via integrasjon frå fagprogrammet Vigilo og inn til sak/arkivsystemet. Anna arkivverdig dokumentasjon knytt til barnehagebarn i private barnehagar, er barnehagen sjølv ansvarleg for.

Dei kommunale barnehagane har pr. 01.01.2020 digitalt arkiv og dokumentasjon knytt til barnehagebarn skal arkiverast i digitale barnehagemapper i sak/arkivsystemet. 

Dokumentsenteret oppbevarer også følgjande verdipapir i papir,- inntil vidare:

  • Skjøter
  • Avtalar/Garantiar
  • Borgarleg vigsel 
  • Slettebegjæringar

Desse er oppbevart i arkivboksar i låsbart skap på postrommet.

Laster...