Arkivplan.no
Utskriftsvennlig versjon

Depotordning - Interkommunalt arkiv i Hordaland

Alver kommune er etter § 18 i Forskrift om offentleg arkiv forplikta til å opprette eige arkivdepot, eller delta i eit interkommunalt depotsamarbeid. Selskapsavtale med Interkommunalt arkiv i Hordaland vart vedteke 20.02.2020, sak 014/20 i Alver kommunestyre. 

  • KS- sak 014/20 av 20.02.20
  • Selskapsavtale pr. 01.01.2020

Alver kommune har 1 godkjent arkivlokale, lokalisert i Meland kommunehus på Frekhaug. Dette blir brukt til mellombels lagring av arkivverdig materiale fram til deponering hjå Ikah.

IKA Hordaland sine oppgåver

Alver kommune er tilslutta Interkommunalt arkiv i Hordaland IKS. Sjå selskapsavtale og strategi for 2020-2023 her.
Oppgåver:

  1. Ordning og katalogisering av kommunen sine eldre arkiv fram til kommunesamanslåingane i 1963-65
  2. Ordning og katalogisering av kommunen sine saksarkiv frå 1965-1999
  3. Ordning og katalogisering av kommunen sine saksarkiv frå 2000-2019 i samband med kommunesamanslåing i 2020
  4. Utvikle rutinar for å bevare elektroniske arkiv som autentisk dokumentasjon 
  5. Mottak av avslutta elektroniske arkiv i samsvar med avtale (Plan for deponering av elektronisk arkiv. Ikkje Noark5- godkjente løysingar)
  6. Arkivfagleg opplæring av tilsette i kommunen
  7. Mottak av alle personarkiv-/register som har gått ut av aktiv bruk
  8. Utarbeiding av lokalt regelverk der dette må gjerast i følgje forskrifter til arkivlova
  9. Rettleiing i arkivarbeid og arkivbevaring i kommunen etter gjeldande regelverk
  10. Sikre trygg oppbevaring av arkiva, både digitalt og i papir
  11. Handsame innsynsførespurnader frå kommunen av deponert arkivmateriale
  12. Utarbeide særskilde formidlingstiltak retta mot lokalsamfunnet
Laster...