| Arkivplan for Alver kommune
Alle offentlege organ er pålagt å ha ein arkivplan, jf. arkivforskriften § 4. Riksarkivarens forskrift § 1-1 beskriv minstekravet til kva ein arkivplan skal innehalde.Arkivplanen gjev bindande retningsliner for behandling av all informasjon og dokumentasjon i kommunen. Arkivlova med forskrifter ligg til grunn for retningslinene.
 
Arkivplanen skal sikre at Alver kommune ivaretar arkivansvaret sitt etter arkivlova § 6: "Offentlege organ pliktar å ha arkiv, og desse skal vere ordna og innretta slik at dokumenta er tryggja som informasjonskjelder for samtid og ettertid."
 Oppdatering av arkivplanenOppdatering av arkivplanen skal skje når: 
rutiner vert endra og nye rutiner vert etablertei kommunal eining opprettar eit nytt arkiv eller arkivdelei kommunal eining tar i bruk eit nytt datasystem for lagring av informasjonkommunale einingar blir lagt ned eller opprettadet blir oppretta eller lagt ned styre eller utvaldet blir tatt i bruk ny arkivnøkkeldet blir gjort vesentlege endringar i kommunen sitt delegasjonsreglementkommunale oppgåver blir overført til verksemder utanfor kommunen Fagansvarleg arkiv avgjer om det er behov for oppdatering av arkivplanen når: 
det bli tatt i bruk ny versjon av arkivnøkkeldet bli tatt i bruk nye verktøy eller nye versjonar av datasystem for lagring av dokumentasjon Fagansvarleg skal ha melding om alle endringar med moglege følgjer for arkivet, i god tid før dei blir sett i verk, og har rett til å uttale seg om dei følgjene dei kan få for arkivet. Kommunedirektøren har arkivansvaretI kommunen er det kommunedirektøren som har arkivansvaret, jf. forskrift om offentlege arkiv §1. Som kommunedirektør i Alver kommune oppmodar eg alle medarbeidarar om å setja seg inn i og følgje retningslinene i arkivplanen. Alver kommune 
Christian Fotlandkommunedirektør
 |